Den 21-årige terroristen har oppnådd brei omtale i media. Han har lykkast i å fortelja alle islamistar (og andre ekstremistar på venstre og høgre side) kva han meiner om LGBT Pride.
Juli kan snautt kallast «agurktid» når dødbringande varmebølgjer og storbrannar no herjar i halve Europa
Kvifor då ei slik kolossal mediedekning som berre førte til eitt dødsfall i ein park i Berlin?
Står omsynet til Pride over alle andre verdiar i denne verda?
For kva er det våre medium IKKJE skriv om? Same veka som terroristen slo seg laus i Berlin, er det rundt om registrert eit tjuetals andre islamistiske aksjonar. Ein Fedayeen sjølvmordsbombar i Pakistan tok med seg 15 andre i døden. I DC Kongo vart 16 uskuldige menneske massakrerte. I Niger vart 16 innbyggjarar meia ned i eit jihadist-åtak. I Sudan måtte 45 døde og såra – blant dei born – teljast med etter eit raid på ein marknad i byen Tina.
Oppgjevne tal frå ambassadar og nyhendebyrå viser dei siste 30 dagane 455 døde og 380 såra. Me har ikkje høyrt eit ord om desse. Dei fleste var terroråtak, men nokre få kan vera æresdrap og sharia-avrettingar.
Sidan 9/11 er det registrert 49.746 dødbringande terroraksjonar «in the Name of Islam» (Sjå TheReligionofPeace.com eller JihadWatch.org). Kvart åtak inneheld tap av menneskeliv, frå einsifra til tosifra, og stundom tresifra.
Burde ikkje NTB og NRK og TV 2 og woke-avisene ha eit ansvar for å informere publikum om mengda uskuldige sivile som stadig må lata livet for at dei trur og meiner det dei gjer?
