Forsiden til papirutgaven av VG i 2017 med et bilde av USAs president Donald Trump og en meget bevisst plassering av overskriften. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Den norske systemet for pressestøtte er forlengst blitt ei tvilsam ordning. Det kan argumenterast prinsipielt mot å ha ein slik subsidiebrønn i det heile. Men det kan, slik målet var, også argumenterast for ideen om ei DIFFERENSIERT presse – det vil seie differensiert meiningsinnhald – ut frå demokratiske ideal og allmenn vitalisering av samfunnsdebatten.

Systemet har utvikla seg autoritært. Det har no ei massiv raudgrøn PK-slagside som er det motsette av differensiering. Alle større papirmedia meiner i stigande grad akkurat det same i viktige ideologiske spørsmål, jamfør interesseområde som bistand, miljø, innvandring, asyl, homo, kyrkje, kyrkjepraksis, osv.

Og meir enn det: Dei som er komne inn på den grøne greina, og som årleg deler fleire hundre millionar mellom seg, arbeider samstundes i harde tak for å halde alle andre ute. Det gjeld brodden mot enkeltståande presseorgan, men ikkje minst dei alternative nyheitskanalane på nettet.

Slike “opposisjonelle kanalar” – som kontinuerleg produserer interessant stoff ut frå anna verdisyn og andre vinklar enn dei gjengse – opplever fordømming og KLAPPJAKT frå etablerte interesser. Ja, det går så langt at det blir sett i gang svertekampanjer og overtaling frå grupper som oppfordrar/pressar annonsørane vekk frå å kunne medvirke til finansiering av uavhengige media!

Når ein først har eit system med pressestøtte: Uavhengige nettmedia må sjølvsagt vurderast på lik line med trykte media!

For me vil vel ha eit land med meiningsbryting og demokrati?




Kjøp Prosessen mot Israel fra Document Forlag!

Annonse fra Proton VPN

Vi i Document ønsker å legge til rette for en interessant og høvisk debatt om sakene våre. Vennligst les våre retningslinjer for debattskikk før du deltar.